Nyhende — 13 november 2017

Kari Bolette Lundal, Barbro Høyland Andersen og Bjarte Aadland skal framføra musikk og tekstar i Nysæter kyrkje.

Onsdag 22. november kl. 1930 ønskjer Nysæter kyrkjelyd velkommen til temakvelden «Når tonar og ord møtest» i Nysæter kyrkje.

Til denne temakvelden har Kari Bolette Lundal henta fram tekstar frå Bibelen og Norsk salmebok som ho vil framføra. Her er både kjende og mindre kjende tekstar som kastar lys over ulike sider ved Gud, livet og trua.

Barbro Høyland Andersen på tverrfløyte og Bjarte Aadland på piano vil, i veksling med desse tekstane, framføra ei rekkje utvalde stykke for fløyte og piano av komponistane Ravel og Debussy. Både Ravel og Debussy høyrer til innanfor fransk impresjonisme, som hadde si blømingstid tidleg på 1900-talet. Dette er stemningsfull, klassisk musikk med eit spennande og vakkert klangbilete.

Både Ravel og Debussy høyrer til innanfor fransk impresjonisme, som hadde si blømingstid tidleg på 1900-talet. Dette er stemningsfull, klassisk musikk med eit spennande og vakkert klangbilete.

Tanken er å skapa eit møte mellom ord og tonar som gir rom for ettertanke. Me lever i ei travel tid, og med denne temakvelden ønsker me å gi dei som kjem eit pusterom. Det kan vera godt å få setja seg ned, lytta, ta imot og finna roen.

Det er ikkje inngangspengar, men det vert høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikalsk arbeid ved utgangen.

Velkommen!

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.