Nyhende — 08 november 2017

Barnehagane presenterte sine innspel til kommunedelplanen. Foto: Haldis Lauksund, Stord kommune

Våren 2017 vart folk i Stord inviterte til å gje innspel om kva som er viktig for at dei og andre i sitt nærmiljø skal trivast og kjenne seg inkluderte der dei bur. No er rapporten, med alle innspela, klar.

Innspela skal nyttast som grunnlag i arbeidet med ny kommuneplan, og elles som innspel til positiv utvikling av lokalsamfunnet generelt.

Sosiale møteplassar fremjar fellesskap og skapar nettverk mellom folk. Svara i undersøkinga viser at folk i nærmiljøa oftast møtes i nærbutikken, på tur i naturen, i nabolaget, i sentrum/ på kjøpesenter, eller i samband med organiserte fritidsaktivitetar. For barn og unge er også skulen ein viktig møteplass. Dei eldste skuleelevane møtes oftast heime hos kvarandre på fritida. Opne tilbod som kino, bowling og bibliotek, og tilrettelagte møteplassar kan ha stor verdi for personar med ulike utfordringar. Det er nemnt ei rekkje stadar i kvar bydel som blir opplevd som viktige møteplassar. Oversikt over desse finn du i rapporten sin hovuddel.

Her kan du lesa rapporten (Stord kommune)

Bakgrunnen for dette arbeidet er det nasjonale prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse. Stord er ein av 42 kommunar som deltek, saman med 8 fylkeskommunar og fleire høgskular. Helsedirektoratet står bak prosjektet, som har som mål å utvikle betre metodar for å få fram kunnskap om kva som bidrar til livskvalitet og trivsel, og om korleis folk har det i lokalsamfunna. Prosjektperioden er 3 år (2016-2018).

Av Haldis Lauksund, Stord kommune.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.