Nyhende — 09 november 2017

Kontraktsignering for ny sjukeheim i Kringsjå. F.v. direktør i Engelsen Bygg AS Roald Urnes, rådmann Magnus Mjør og arkitekt Arne Tveit frå Brekke Helgeland og Brekke AS.

God stemning på kontoret til rådmann Magnus Mjør torsdag morgon, då kontrakten for bygging av ny sjukeheim vart signert. Ekstra kjekt meinte Mjør det var at eit lokalt firma, Engelsen Bygg AS, hadde levert det rimelegaste tilbodet og sikra seg eit oppdrag til 120 millionar kroner. (Nest billegaste var 4 mill. dyrare.) Kommunen sjølv hadde estimert byggekosten for den nye heimen til 118 millionar – og traff altså svært bra.

Direktør Roald Urnes i Engelsen Bygg AS opplyste at tida fram til byggjestart tidleg på nyåret skal nyttast til detaljplanlegging i nært samarbeid med arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS, som var dei som gjekk sigrande ut av designtevling med prosjektet «Utsikten». Den nye sjukeheimen skal byggjast i Kringsjå, på tomta nær både Backertunet og Stord Sjukeheim. Når 2019 er halvgått, skal heimen vera klar for innflytting. Dei første til å ta nyvinninga i bruk, er bebuarane på noverande Stord Sjukeheim, som byter bustad medan bygningane frå 1988 blir oppgraderte.

Styrar Ester Aasen Bjelland ved Stord sjukeheim gler seg til det nye bygget er ferdig. Arkivfoto.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.