Kort sagt — 09 november 2017

Sommartango. Vårvise. Vals i Spissøyhamn. Roaslill. En midtsommernatt på Fyrøya. Du kjeme vel i Samhald? Ein sommarkveld på gamla Vikjo. Dette er nokre av låtane som blir å høyra når bandet Stordingane med gjestene Britt G. Bjelland og Hans Gustav Mussland fredag kveld byr på tekstar og melodiar av Harald Vik. Kabareten bli framført i aktersalongen på Veteranskipet «Sunnhordland», som ligg ved gamle ferjekaien på Leirvik. Trekkspelaren, forfattaren og komponisten – og ikkje minst revymannen Harald Vik er blitt 82 år og kan sjå attende på ei lang speletid på lokale scenar og i det populære «i godt lag»-programmet på radioen. Dette blir garantert kvelden for gjenhøyr med lokale populære «svisker». (Billettsal ved inngangen.)

Andre nyhende

Høge løft

april 23, 2018

Buss-skyss

april 23, 2018

Ingen utslag

april 23, 2018

99 kontrollerte

april 22, 2018

Falske kjennemerke

april 22, 2018

I påverka tilstand

april 21, 2018

God gamaldags basar

april 20, 2018

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.