Nyhende — 12 november 2017

Det var mykje folk i Leirvik Bedehus straks etter opnainga laurdag føremiddag.

 Rundt 400 personar var innom julemessa i  Leirvik bedehus laurdag.  Der var det mykje å velja mellom for den som ønskte handla, kjøpa  lodd,  litt å bita i til kaffi eller brus – eller for å lata seg  inspirera av kora Levande Lys og Lovsongbrødrene,   eller   ville ha gode ord med seg heim.   Alt  frå dørane opna  på føremiddagen  seig det jamt  på  med trufaste vener av eit mykje brukt bedehus, og  kvar krone som var vart lagt att i huset, blir verande i huset.

– Ja, det kostar å halda  bedehuset i drift,  og det går ein del midlar  til vedlikehald og oppussing.  Huset er i bruk kvar dag i ei eller anna form, med toppar og mykje folk til samlingane i helgane.  Gjennom utleige 

klarar med drifta, og  så må me satsa på godt besøkt julemesse for å ha til det som krevst ekstra. I sommar  malte med heile bygget to strøk  utvendes, arbeidet blei gjort på dugnad.  Neste  storjobb blir oppussing av kjellarromma, og  der kjem dei 145.000 kronene me fekk inn laurdag vel med, seier  Johnt Dyrøy til stordnytt. Han er  leiar i stiftingar som eig Leirvik bedehus.

Ikkje noko å seia på  utvalet  i vinstar,  f.v. kasserar Rasmus Hatlevik og  leiaren i stiftinga Leirvik bedehus,  Johny Dyrøy.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.