Nyhende — 14 november 2017

Mykje røyrtransport på Eldøyane for tida.

I desse dagar blir femte skipslasta med røyr til Johan Sverdrup-feltet lossa på Eldøyane. «Saga Fantasy» hadde ca 3000 røyr i lasterommet på turen frå Kvantan i Malaysia, og det går fem-seks dagar å få lasta på land. Men om det kan sjå ut som det byrjar fyllast opp på lagerplassen med dei 13 500 røyra som er komne, er det det enno sju skipslaster i vente før det blir «stappfullt hus». 36 000 røyr, for olje- og gasstransport frå feltet og inn til lands, skal mellomlagrast på Eldøyane.

– For å spara plass har me gått ei røyr opp i høgda, frå seks til sju. Per i dag har me dekka 60 mål med røyr. Det skal gå greitt å få plass til resten, seier Rune Almås, dagleg leiar på Stordbase. Det kjem ein båt til før jul, resten utover på nyåret. I mars byrjar supplybåtar frakta røyrane ut til Sverdrup-feltet legginga på botnen startar.

Neste spesielle oppdraget for Stordbase, blir å ta imot dei 11 nye vindmøllene som skal setjast opp på Fitjarfjellet.

– Dei kjem i mars og til det føremålet har me leigt ein del areal hjå Eldøyane Sjøsportsenter, fortel Almås til stordnytt.

13 500 røyrar er lagra – sju i høgda. Endå kjem det det vel 20 000 røyrar til.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.