Nyhende — 01 desember 2017

Borghild Haga Seim gler seg til kunstgalleriet blir ferdig.

Det gamle bedehuset ved E39 på Mehammer blir no eit lite kulturhus, med kunstgalleri og kunstcafé.

Borghild Haga Seim frå Haga overtok Børtveit og Mehammer Bedehus langs E39 i månadsskiftet juni/juli. Bedehuset var tidlegare eigd av Indremisjonen og grunneigar Svein Børtveit.

Seim har store planar om å kva ho vil bruke huset til.

– I fyrste etasje blir det kunstcafé, medan det i andre etasje blir galleri med forskjellig kunst. Eg har også lyst til å ha små konsertar og andre kulturarrangement, forte ho.

Fyrste etasje er totalrenovert, og nye vindauge og dører er på plass. Kjøkken og spisesal ligg her.

– Her har eg tenkt å ha kunstcafé, men eg vil også leige ut til private arrangement som konfirmasjon og dåp og liknande. Her blir plass til ca 40-50 stykk.

Det blir også kontor og samtalerom i huset som Seim skal bruka i arbeidet som familieterapaut.

Seim har saman med veear og familie brukt mykje tid på oppussinga. Det meste av arbeidet har dei gjort sjølv.

– Eg er veldig stolt og glad over det me har gjort så langt. No håpar eg me blir ferdige til våren, seier ho.

Seim driv sjølv med kunst, maleri og fototeknikk, så fyrste utstillinga står ho for sjølv.

– Eg skal ha ei utstilling med bilete frå hagen, men eg har allereie fått eit stort JA frå neste kunstnar.

– Kven då?

 

– Det er hemmeleg, smilar ho lurt, og legg til at vegen blir til medan me går.

 

– Eg har mange fleire idear til huset og eigadomen, seier ho utan å ville røpe noko meir.

Huset har blitt brukt som bedehus i nærare 50 år, og det blei bygd på dugnad med innsamla midler og gåver.

Seim håper huset kan bli ei sosial møteplass for øya, og håpar somartrafikken kan bidra til økt interesse.

– Kva skal galleriet heite?

 

– Det skal heite Galleri Borghild, ler ho, og legg til at ho overhodet ikkje skjemst av navnet.

I bedehuset sin tidlegare forsamlingssal blir det snart kunstgalleri.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.