Nyhende — 05 desember 2017

Terminalen i Grand hotell bygget er over 20 år gamal, og det er trong for vedlikehald.

– På dagtid er det god dekning av toalettanlegg i Leirvik sentrum, både offentlege og private. Utfordringa ligg i offentlege toalettanlegg på kveldstid etter kl. 23:00 og fram til kl. 03:00/04:00.

Dette skriv rådmannen når han til neste møte i komite for næring, miljø og kultur legg fram sak om offentleg toalett i regionssenteret. Ei sak som kan hjelpa for å letta på trykket  for gjester til Leirvik, kom som eit politisk spørsmål tidleg i vår.  No ligg ein grundig rapport om tilhøva og moglege løysingar føre. Det blir vist til Kulturhuset, Rådhuset og Venterommet på kaien, når det gjeld offentlege tilbod og  til serveringsstader når det gjeld private. Eit forslag til heildøgns løysing er å gjennopna  bussventeromet i nordenden av  Grand Hotell-bygget,  – og då i eit samarbeid med  Stord Taxi som er på flyttefot  frå haldeplassen ved Nattrutekaien.

I kommunen sitt bygg i Grand hotell bygget er det kioskdrift som er open til kl. 23:00 på måndag-torsdag og søndag. På fredag og laurdag har kiosken ope fram til kl. 03:30-04:00.

I tillegg er det toalettanlegg og venterom som er stengt heile døgeret. Dette anlegget ligg svært sentralt til i høve buss, drosje mv. Ettersom anlegget er klart for oppstart drift, ligg det til rette for at ein kan opna toalettanlegget i Grand hotell bygget med drift i perioden 07:00 til 23:00 alle dagar. Ved val av gjenopning av anlegget i Grand hotell bygget treng ein ikkje prosess vidare med forprosjekt, men går direkte på hovudprosjekt, skriv rådmannen.

Bygging av nytt toalettanlegg i Leirvik sentrum krev ein større prosess med val av plassering av anlegg, investerings- og driftskostnader. Bygging av nytt toalettanlegg i Leirvik sentrum vil anslagsvis kosta 1,5-2,0 mill. kr., og frå 0,1- 0,2 mill. kr i årlege driftskostnader.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.