Nyhende — 06 desember 2017

Slik blir fortauet langs Langelandsvegen.

Jakob Bjelland (SP)  gav uttrykk for både stor glede og stor undring då formannskapet  gav si velsigning  til saka om utbetring av Langelandsvegen med på vegen til kommunestyret.   Gleda galdt at det endeleg er funne ei løysing for å gjera  den krappe og smale Langelandssvingen tryggare  med fortau. Undringa gald  kostanden på vel 8 millionar kroner, for eit fortau  på godt 300 meter.  Det føltest dyrt, i alle fall sett opp mot meterkostanden på  nytt fortau langs deler av Bjellandsvegen, sa Bjelland.

Frå rådmannen vart det opplyst at  prisen var komen fram etter innhenta  anbod, på eit oppdrag, som ber med seg mykje  fjerning av fjell.  Under/i fortauet skal det leggja  røyr for vatn og avløp – men det er ein   kostnad  som blir dekka etter  sjølvkostprinsippet, som vanleg er for den type gjeremål.  Fortau langs denne delen av Langlandsvegen er eit rekkefølgjekrav ved bustadutbygginga som kjem i gang i den nyleg snauhogde Langslandsstølen.

Sverre Olav Svarstad (H)  og Sigbjørn Framnes (Frp), var begge samde om at dette var ei gladsak, men kanskje med ein liten bismak. Dei  følte seg usikre på korleis finansieringa av fortauet kunne slå ut i kommuneøkonomien, når det blei lagt opp til å betala gildet med opptak av nye lån.   Rådmannen lova eit notat kring emnet  til saka kjem opp i  kommunestyret før jul.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.