Nyhende — 05 desember 2017

Overgangen til «Sein» middag har gitt godt resultat på Stord sjukeheim. (Arkivfoto: Henrik M. Andreassen / Sunnhordland)

Varmmat på kommunale sjukeheimar  har vore eit drøftingstema i seinare tid. Det gjeld både kvaliteten og  kva tid maten blir servert.  Stord sjukeheim er mellom  bu-stadene som har flytta  hovudmåltidet til ettermiddag  og  røynslene så langt er gode. Noko som vert stadfesta  i ein rapport  det kommunale tilsynet  for sjukeheimane våre  har laga etter besøk i november.

– Stord sjukeheim har nyleg, etter anbodsrunde, fått Matvarehuset (Bergen) som leverandør av middagsmat. Det har vore nokre mindre oppstartsproblem (tjukke sausar og supper, lite krydra mat og noko feilpakking), men sjukeheimen har god dialog med leverandøren om aktuelle spørsmål.

– Matutvalet er bra, og maten vert servert i skåler på avdelingane. Mat vert tilpassa brukarane  når dei har særskilt diett.‘Helgemat’ vert servert på laurdag (graut midt på dagen og varm mat om kvelden) og søndag (‘søndagsmiddag’, kaker og kaffi).

– Vin eller øl må pasientane skaffa sjølve, og dette vert berre servert på romma. Det vart opplyst at det aldri har vore problem med uro pga alkohol, står det i rapporten, der matavsnittet blir  konkludert med slik konstatering.

–  Etter at sjukeheimen gjekk over til seinare middagsservering (15.30) og kvelds (i 19.00-tida), har ein merka at det er blitt rolegare på avdelingane. Pasientane får no meir mat i seg i løpet av døgeret. Det er i tillegg høve for ekstra mat utover kvelden for dei som ynskjer det.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.