Nyhende — 03 desember 2017

Gallerieigar Aleksander Isdal Günther (19), her saman med bileta til Pushwagner.

Tre månadar etter opninga, har 19-åringen selt over førti bilete.

Aleksander Isdal Günther (19) opna sitt eige galleri – Galleri Günther – i Borggata på Leirvik for tre månader sidan.

– Det har gått veldig bra sidan opninga, fortel Günther.

– Eg hadde ikkje forventa at det skulle gå så bra, så det er veldig gøy, legg 19-åringen til.

– Kor mykje sel du?

– Eg sel 2-7 bilete i uka, og har selt ca førti bilete sidan opninga, fortel gallerieigaren.

Günther er sjølv dagleg leiar og sjef for galleriet. I dag heng det rundt 60 bilete på veggane. Kunsten kjem frå 18 forskjellege kunstnarar. Og det er ikkje mykje plass att.

– Eg får ganske mange tilbud frå ulike kunstarar. Eg prøver å velje eit allsidig utval av kunst for å treffe alle målgruppar, seier Günther.

19-åringen er stolt av kunsten som heng på veggane, som huser kunstnarar frå Pushwagner, Elling Reitan og Marit Geraldine Bostad til Frans Widerberg som døydde i april i år. Lokale kunstnarar har sjølvsagt også fått plass, og det inkluderer gallerieigaren sjølv.

– Eg satser fyrst og fremst på lokale kunstarar, og no har eg også fått inn kunstfigurer i keramikk.

Günther held ope onsdag til fredag frå 12-16 og laurdag fra 10-15. Dei andre dagane treng han til kreativ påfyll.

– Eg teiknar og målar sjølv, så eg bruker fridagene på det, seier han.

Günther trivst i galleriet, og han styrer det administrative og økonomiske sjølv.

– Det er ei heilt ny verd, men eg synst det veldig spennende. Eg vil fortsette så lenge eg kan, seier han.

Günther er stolt over galleriet sitt, og frå kontorpulten har han god utsikt.

– Det blir aldri ein kjedeleg dag på jobben med så mykje fin kunst i rommet, seier han.

Günther kjem frå ein kunstglad familie. I galleriet har han bilete for både vaksne og unge. Han håper det vil bidra til å auke kunstinteressa.

I tillegg til galleriet, har Günther no også starta eigen nettbutikk.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.