Nyhende — 06 desember 2017

Formannskapet meiner JA er det rette svaret på Studentsamskipnaden på Vestland om å sleppa eigedomsskatt på campus Rommetveit. (Foto: Høgskulen på Vestlandet)

Eit samla  Stord formannskap er av den klare meining at  eigedomsskatt ikkje skal gjera det dyrare å vera student på høgskulen på Rommetveit, enn andre  studiestader.  Frå  møtet onsdag  vart det såleis sendt  innstilling  på  fritak for eigeomdsskatten vidare til  endeleg vedtak i  julemøtet i  kommunestyret.  Nye opplysningar i dette spesielle skattespørsmålet, viser at det på høgskulecampusane rundt i landet er vanleg å ikkje ileggja studentsamskipnadane  eigedomsskatt – som vil gjera det dyrare for  studentane å leiga hyblar. (utrekna til  175.00o kroner for hybelbygga på Rommetveit)

Det var Torbjørn Brosvik (KrF) som sette fram forslaget om IKKJE å ileggja eigedomsskatten.  Han  meinte dette var ein god måte å ønskja  nye studentar velkomen til  studentbyen Stord  på.  Frå asministrasjonen låg det føre innstilling på avslag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.