Nyhende — 07 desember 2017

Slik kan det bli med veg og parkering  på arealet  ved Langeland skule/Langelandsbanen.

Nokon stor debatt vart det ikkje i formannskapet då saka «Langeland skule – avtale om grunnkjøp»  fekk  positiv vedtaksinnstilling på si vidare ferd til  endeleg  grønt lyst i  kommunestyret.   

Etter  gode forhandlingar er det  kome til semja med om grunneigar Anders Hjartåker om kjøp av eit 17 mål stort areal mellom skulen og Langlandsbanen. Kjøpet vil sikra skulen større uteområde, også areal for mogleg utviding av skulen, og det vil løysa dagens trafikale utfordringar  til/frå den mykje brukte  Langlandsbanen. Vegen opp til banen har i gjeldande planar status som køyrbar gangveg og der er for få parkeringsplassar. Meir areal vil gje høve til å laga eigen parkeringsplass og å utrusta vegen med breidde og fortau. Dette kan skje raskt – for kommunen har fått tilbod om overskotsmassar frå  Langslandsstølen som skal utbyggjast og Langelandssvingen som skal utvidast og få fortau. (Sjå eiga sak).

Kjøpet, kalkulert til 3,6 millionar, blir finansiert med bruk av unytta løyving til grunnkjøp og tilskot frå «ubunde investeringsfond».

– Eit godt grep, eit klokt og framtidsretta grunnkjøp, konkluderte Jakob Bjelland.

 

 

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.