Nyhende — 04 desember 2017

Sundag kveld fekk publikum i ei meir enn fullsett Nysæter Kyrkje oppleva to flotte timar i George Friedrich Händel si musikalske verd framført meisterlig av Stordkoret.

I det informative programmet publikum fekk utdelt kunne ein lesa at; «..Verket vart fyrste gong framført i 1742…og er eit oratorium i tre delar, og finst i ulike versjonar.»

Stordkoret framførte, fyrst laurdag i Sveio kyrkje, og så sundag kveld i Nysæter eit utdrag der publikum fekk høyra kjende satsar frå alle tre delane, men med særleg vekt på den første, som handlar om Kristi kome og då ògså om julehøgtida. Del to omhandla Kristi liding og oppstode, og vart avslutta fantastisk med Halleluja-koret der musikk og kor verkeleg slo til saman så ein kjende krafta inni seg. Den tredje, og siste delen, reflekterer over meininga med desse hendingane.

Denne gongen var språket på framføringa på engelsk, som alltid med full tekst og oversetjing til, i programmet, noko publikum set pris på – då mange likar å fylgje med på teksten undervegs.

Koret sitt velkjende «trøkk» kom verkeleg til si rett i satsen «For unto us a child is born» (For eit barn er oss fødd) i del 1 av konserten. Der sopran Bersås fulgde opp med den vakre satsen «There were Shepherds abiding in the field» (Det var noke gjætarar der i området), og koret etter kvart kom nydelig inn med «Glory to the God in the highest» (Ære være Gud i det høgste). I del to var nemde Halleluja – ein høydar, likeins  nest siste sats av del tre; «Worthy is the Lamb that was slain» (verdig er Lammet som vert slakta).

Spontan ståande applaus vart delt ut frå publikum, som attende fekk ein tidleg julegåve frå koret som song 《Stille natt》 så vént at publikum lente seg fint tilbake i stolane, let att auga og takksame bare tok inn den vakre songen.

Med på konserten var dei særs dyktige solistane Maria Therese Bersås (sopran), stordkorets eigen Ranveig Hagen Leseth (alt), Arne Kvarven (tenor) og Thomas Røshol (bass), i tillegg til framifrå musikarar frå Stavanger symfoniorkester (forutan organist Ole Jørgen Furdal som arbeider i kyrkja på Stord).

L.H.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.