Nyhende — 01 desember 2017

Pressemelding frå NAV Sunnhordland – arbeidsmarknaden november 2017

Det står att ein månad før året er omme, men 2017 ser ut til å bli eit godt år for arbeidsmarknaden i Sunnhordland. Me ser lokale bedrifter som er konkurransedyktig i ein krevjande marknad og at det er god aktivitet innan fleire næringar. Det visar igjen på arbeidsløysa. Sunnhordland har lågare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for Hordaland. I november 2017 var arbeidsløysa 2,4 prosent av arbeidsstyrken (731 heilt arbeidsledige personar). Dette er ein nedgang på 34 prosent i forhold til i fjor på same tid (-392 personar).

Også denne månaden er det nedgang i arbeidsløysa for samtlege kommunar i Sunnhordland. Det er ei gledeleg utvikling. Størst prosentvis nedgang i arbeidsløysa er det i kommunane med høgast befolkningstal, Stord (-192 personar), Bømlo (-87 personar) og Kvinnherad (-86 personar). Me legg merke til at det er færre ledige personar med bakgrunn frå ingeniør og IKT-fag, samstundes som det er vesentleg fleire utlyste stillingar for denne yrkesgruppa no enn det var i november 2016.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.