Nyhende — 05 desember 2017

Mangt å lesa og mange biletet å sjå  også 2017-utgåva av Stord Sogelag sitt årsskrift som no er kome i handel.  For mange ei kjærkomen julegåve, for mange eit hefte å samla på og lesa ved høve.

Asbjørn Aasheim tek oss med på tur til Spelemannsneset, og lar oss møta folka som budde der. Eller dei som nytta plassen til motiv for landskapsmåleri. I 1888-89 oppheldt kunstmålarane Fritz Thaulow og Jakob Bratland seg på Stord. Begge måla fleire bilete med motiv frå Leirvik. Spelemannsneset er lett gjenkjenneleg på Fritz Thaulow sitt måleri ”Passiar ved Landeveien”.  Her kan ein også lesa om det spesielle treet som står midt på fortauet den dag i dag (biletet). Det har saktens vore dei som har vilja fjerna hagtornen, men forkjemparane av treet, visstnok den største og eldste hagtornen i Noreg, vann fram då striden sist stod på slutten av 1970-talet.

Målvinarlaget ved Stord lærarskule vart skipa 13. januar i 1877, og er det nesteldste mållaget i landet. Berre Vestmannalaget skipa i Bjørgvin (Bergen) 1868 er eldre. Truleg er Målvinarlaget (målvenelaget) også ein av dei eldste studentorganisasjonane i Noreg. Dette har sjølvsagt samanheng med at lærarutdanninga på Stord går heilt tilbake til 1839, skriv Nils Mæhle. Han peikar mot notida, og meiner det er naturleg at den nye Høgskulen på Vestlandet (HVL) har vedteke å ha nynorsk som hovudmålform. Dette vedtaket har sterke historiske røter i Målvinarlaget ved Stord lærarskule, peikar Mæhle på.

”No skjer alt fort. På brua står den 19 år gamle Johannes Gravdal saman med kameraten sin, Erik Føyen. Begge frå Stord. Begge hadde, til liks med ein tredje kamerat, Sverke Naustvåg, også frå Stord og 26 andre, mønstra på ”Thor” som arbeidsfolk.” Det er Magne Bjelland som fortel den dramatiske historia om dampskipet ”Thor” som forliste ved Lyngholmen og 39 menneske set livet til. Ei av dei største skipsulukkene langs Sunnhordlandskysten i nyare tid.

Kva gjer ein når klubbkassa er tom, og foreininga du er med i treng pengar? Stord Jeger- og Fiskerforening prøvde ut noko nytt tidleg på 1980-talet, skriv Atle Bjørn Mæhle. Dei hadde lagt merke til at det kvar haust gjekk mykje ål ut or Storavatnet og for til havs. I utgangspunktet visste dei lite. Dei visste det var ål i vatnet, men ikkje kor store mengder det var, eller om det var noko å tena om dei prøvde å fanga han. Men dei tok sjansen. Korleis det heile gjekk, kan du lesa i artikkelen om ålefiske i Storavatnet.

Då Eldøyane vart jamna ut til industriområde tidleg på 70-talet, var det mange som reagerte og opplevde det sårt at eit flott øyrike på Stord vart øydelagt. Til langt utover 90-talet var det framleis ein føresetnad at det skulle stå att eit svaberg ytst på Eldøyane, som ein ”naturskjerm” mot fjorden for å ta vare på fjordlandskapet. Nyleg er også denne siste skansen utflata og fjerna, og illustrerer at naturvernarbeidet aldri må kvile, fordi det framleis vert gjort kortsiktige vedtak med uboteleg og langsiktig skade på landskapskvalitetane i nærområdet, skriv Hallgeir Matre. Han fortel mangt og mykje om arbeidet i laget som vart skipa 19.09.75, med namnet Stord Naturvernforbund.

Sundagen kom med regn, og delar av banen stod under vatn. Det er bilete av Harald Sverre Breivik som ligg i startgropa med vatn godt over handledda. Helge Heiberg Andersen tek oss med til Uskedalen og Sunnhordlandsmeisterskapen i friidrett. Året er 1967, og det finst 8mm film frå denne dagen. Det høyrer med til historia at filmkamera blei lånt ut til ein venstrehendt, og dermed sprang løparane på 800m opp ned og galne vegen, mimrar Heiberg-Andersen.

”Reiseinspektør Nordang kjem til skulen på speiding i oktober 1941. Eit av klagemåla mot rektor er at han ikkje hadde gripe inn då elevane gjekk med nissehuer.”

Anstein Lohndal har skrive om nazifiseringstiltaka mot Stord lærarskule hausten 1941, no hentar han fram meir stoff frå denne dramatiske hausten. Han har også skrive ein artikkel om gardsdrifta ved lærarskulen.

Anstein Lohndal er æresmedlem i sogelaget, og var med å skipa laget i 1995. Han har også vore pådrivar i mange år for sogeskriftet, og i denne utgåva har Oddbjørn Kvålsvold eit intervju med 91-åringen frå Kvinesdal som har vore ein sentral aktør på mange vis i Stord-samfunnet. Han fekk kommunen sin kulturpris i 2005. – I samtalar med Anstein registrerer eg at stiftinga av Stord sogelag ser han på som det viktigaste han har vore med på i lokalhistorisk samanheng, skriv Kvålsvold.

I ein tidsbolk der diskusjonane om innvandrarar og flyktningar er heftige, kan det vera på sin plass å minna om kvifor mange stordabuar drog til Amerika for to-tre generasjonar sidan. Ein av forteljarane mine, Olav Normann Nysæter, har sine første livsminne frå Amerika, der mange og i mellomkrigstida søkte etter betre levestandard med von om romslegare økonomiske kår, minner Oddbjørn Kvålsvold om i siste artikkelen i dette skriftet. Eit årshefte som no er å finna i dei lokale bokhandlane.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.