Nyhende — 06 desember 2017

Viltforvaltinga vil redusera minstearealet for felling av hjort i Stord og Fitjar. (Arkivfoto)

Stadig vekst i hjortestamma med  meir plager for hagar og landbruk og påkøyrslar som  resultat, ligg til grunn for at  landbruks- og miljøkontoret for  Stord og Fitjar  vil endra  regelverket lokalt. Etter gjeldande forskrifter  er 750 dekar  minstearealet  for å kunna fella ein hjort.  Lovverket gjev høve til å vika frå forskrifta, ved å gjera løyve  til jakt på  skadedyr på mindre areal, heilt ned mot 50 prosent (375 dekar). Dette har  landbruks- og miljøkontoret, som også er lokal  eining for viltforvalting,  måtta gjera stadig oftare.   Frå eininga  vil det bli sendt  forslag om å redusera minstearealet  frå 750  til 500 dekar  per fellingsløyve. Eit slikt areal  vil vera meir i tråd med realitetane når det gjeld  vekst i stamma og  jakta som må til for å halda talet på hjortar  i dei to kommunane  på eit høvande nivå.    

Statistikken talar for at ei endring  er påkravd.  I 2001 vart det gjeve 181 fellingsløyve (123 dyr  felte). Samanliknande tal i 2010 var 304 løyve, 275 felte, i 2013 vart det gjeve  356 løyve, 316 felte (rekordår så langt).

I fjor vart det skrive ut 361 løyve, 311 hjortar vart felte.

Veksten i hjortestamma på Stordøy, er ikkje eineståande i regionen. I eit illustrert lesarbrev i Grenda med  tittelen «Vårt verste skadedyr», viser  Bjørn Klette bilete  frå  bøen på Hatteberg, der ni hjortar beita  ein kveld i november.  – No er det blitt eit vanleg syn på innmarka, tidlegare var det ikkje hjort i denne delen av Kvinnherad.  

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.