Nyhende — 10 desember 2017

Tove Myklebust Heggøy  med eit rikt utval handarbeid på julemarknaden på Festplassen i Bergen.

Strikking er den store hobbyen til Tove Myklebust Heggøy  frå Kringsjå  på Leirvik.  Produkta  er mange og varme – og derfor sel ho også godt når ho  tek med seg  gensarar, lubber og vottar og meir til på messer. Der har ho også  treprodukt  frå  far Steinar Myklebust som tryllar fram så mangt  ved dreie- og høvelbenken i verkstaden.   Då  Tove  Myklebust såg det skulle vera  stor julemarknad i Festplassen i Bergen var ho kvikt frampå via dataten og kjøpte seg eit dagspass og eit bord i eit av marknadstelta.

– Eit gøyalt prosjekt og ein flott markknad, med både parisarhjul og ei fin blanding av husflid og mat i bodene. Og veldig mykje folk sjølvsagt. Litt roleg salsstart, men totalt sett godt nøgd. Ekstra  kjekt var det at  det var god interesse  for  vaksengensarane  eg har jobba ein del med.  Så var det sjølvsagt hyggjeleg å får besøk av  utflytta stordabuar  som stakk innom  standplassen for å helsa på, seier  Myklebust Heggøy til stordnytt.

Julemarknaden på Festplassen vert ståande  fram til jul – men utsendingen  frå Stord hadde  berre satsa på den eine dagen.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.