Nyhende — 03 desember 2017

3000 kilometer sørkjør,  på La Colina Camping i Albir, har  Grethe Ulvebne og Lars Almås 40 norske naboar

– Spanias fineste campingplass, heiter i eit større oppslag i den norske avisa  «SI-Spania i dag».  Vekeavisa kjem ut  i Albir og  dekkjer  den blanke kysten,  Costa Blanca, som det heiter der sør.  Det  er  La Colina Camping som får slik heiderleg omtale –  uttalt av særs nøgde  ferierande nordmenn.

– Ja, det er heilt sant, seier  dei åtte stordnytt treff  rundt kaffibordet i bubilen til  Grethe Ulvebne og Lars Almås.  Ei fin blanding av  haugesundarar, bergensarar og stordabuar, som er  samde om at  campingen er heilt up to date og har eit alle tiders vertskap.   Skal du ha plass  her må du bestilla for neste år når du kjøre ut porten og set kursen nordover igjen, får me opplyst.

Nettavisa blir møtt med  både lått og skarpe blikk når det blir ymta framom om longe og tronge dagane å bu slik i bilar tett i tett.

– Her er så mykje å finna på i tillegg til at me også skal slappa litt av, at tida stekk mest ikkje til, meiner oktetten.

Det blir rekna opp tilbod om line dance, fellesturar til fots og på sykkel, utflukter, strikkeklubb, boccia kvar dagar klokka 1500,  litt festivitas og  sosialt samvær så mykje ein kvar ønskjer.  Legg ein til stabilt godt og varmt ver  blir det heile summert til: –  Det gode liv.

Denne hausten har Ulvebne og Almås sikra seg  ein ekstrakvote av dei  gode dagane.  Vanlegvis har paret  køyrt  bubilen sørover  litt på nyåret og satsa på heimkost til Almås  når det atter lauvast i li.

– Morgonen etter   første flygelfesten i  Kulturhuset starta me ut på ein trevekers  tur  i Europa med  Albir og campingen  her som endeleg mål,  –  og standplass fram til april. Men det blir eit av planlagt  avbrot,   når me snart flyttar oss  luftvegen  til julaperm i heimlege trakter, smiler  Grethe Ulvebne og Lars Almås.

God stemning rundt kaffibordet i bubilen til  Ulvebne/Almås

 

Greit uteområde er godt å ha på gode dagar – som det er mange  under spansk sol.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.