I vårt nære farvatn er vel «Stord I» båten som ber tilnamnet «gamle dampen» på beste og stillaste viset. Håse, litt småkvasse fløytestøyt når han helsar, er dei høgaste lydane dampbåten slepp frå seg. Elles glir fjordabåten stilsleg og elegant fjordalangs i utgåve som blir meir og meir lik den godt 100 år gamle originalversjonen. Ikkje minst innvendes, og meir skal gjerast, skriv styret i stiftinga når driftsåret 2017 blir summert.
«Utvendig er det synlig at rekkene på promenadedekket og balustradedekket har fått seilduksbeskyttelse slik «Stord» hadde som turistskip tidlig på 1900-tallet. Tidsriktige dekksstoler er også kommet om bord.
Men vi ser nå at noen uferdige områder blir veldig synlige blant alt det fine som er istandsatt. Styret har av den grunn revidert sine planer og vil gå et steg videre med istandsetting. Aktuelle prosjekter er himling i bysse og «serveringsområdet», innredning av fremre banjer og diverse utstyrspakker. Skipet er blitt «pakket inn» med presenning for vinteren. (ligger ved Holbergkaien.) Under presenning og under dekk fortsetter vedlikeholdsarbeid innen flere fag; maskin, rengjøring, pussing, lakkering og maling. Hver tirsdag, utenom seilingssesongen, er dugnadsgjengen i sving. «Stord I» holdes løpende i god stand og vil være «ship shape» til ny sesong til våren.»
I august, på ein av dei få verkeleg fine sommardagane me vart velsigna med år, gjekk «Stord I» deler av si gamle rute i Sunnhordland med medlemer i fleire sogelag i regionen som passasjerar. Ein roleg tur frå Leirvik, gjennom Fjelbergsund, innom Ølen og Etne og Skånevik og attende til Sunnhordlandskaien. Ei reise som gav god minne om den vanlege ferdamåten dei åra ein måtte ha litt ekstra god tid når ein skulle frå stad til stad – eller frå landet til byen.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018