Nyhende — 02 desember 2017

Annemor Ekeland bakar krumkaker, og alle får smake. 

Laurdag var det igjen «Jul på muséet». Fleire hundre tok turen trass det regntunge vêret.

Museumsrådgivar, Trine Kyvik, som i dagens høve vert omtalt som julegeneralen, travar rundt på tunet for å ordne ting og tang. Ho er glad for at så mange møtte opp til arrangementet.

– Eg har inntrykk av at mange likar dete, så då er det kjekt å vere arrangør, seier Kyvik.

Ho er takksam for alle som hjelper til.

– Me hadde ikkje klart det utan alle frivillige. Takka vere dei har me klart å få mange aktivitetar og utstillingar, seier Kyvik.

Husflidslaget, Hagelaget, Venelaget for parken, Venelaget for Fyrøyo, Venelaget for Gruo, Fitjar Sogelag, Stord Sogelag og Sagvåg Skulekorops er blant dei som stiller opp.

Venelaget for parken har bidratt med juletre som borna i Ås bornehage har pynta.

På programmet i år står mellom anna eventyrstund med Kari Bolette Lundal, spikking, kransebinding, julebakst og smiing. I tillegg kan ein kjøpe knivar, julepynt og julegodteri i Krambuo.

Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggjarar og besøkjande si interesse for regionhistoria. «Jul på muséet» fokuserer spesielt på å visa fram tradisjonelle handverk.

Bak krumkakejernet i Futastovo sit Annemor Ekeland for tredje år på rad. Ho synst arrangementet er ein viktig kulturformidlar i kommunen.

– Eg synst det er viktig å videreføre handverksarven. Her samlast heile familien, og me utvekslar blant anna oppskriftar. Det er veldig hyggjeleg, og eg har gleda meg lenge, seier Ekeland.

Åtte av husa er i bruk for dagens aktiviteter, inkludert hovudhuset kor det er kaféutsal og musikkinnslag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.