Nyhende — 23 januar 2018


Me har lova eksplosive saker frå scenane på Arena og Den Blå time denne helga. No opnar 100 Dagar like godt med eit smell også utanfor! ProPyro er ein leiande aktør på profesjonelle fyrverkeri og pyroeffektar og blir brukt av fleire festivalar på vestlandet. No kjem dei til Stord og opnar 100 Dagar med eit brak. 100 Dagar har mange gode samarbeidspartnarar og ProPyro spanderer like godt heile fyrverkeriet på Stord og 100 Dagar. Fyrverkeriet vert synleg frå Leirvik Hamn fredag kl 19.10, melder festivalleiinga i ein e-post til Stordnytt.

Etter fyrverkeriet opnar ordførar Gaute Epland 100 Dagar før det lovande Stord-bandet Symra startar musikkfesten kl 1930. Symra vann Lambasleppet under Festidalen 2017 og fekk høve til å opne heile musikkfestivalen som totalt har 20 band som spelar fredag og laurdag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.