Nyhende — 10 januar 2018

Punkta viser forslaga til nye stø for ferjeruta Stord-Kvinnherad. (Kart: Hordaland fylkeskommune)

På tampen av fjoråret bad Hordaland Fylkeskommune «folk flest» koma med forslag til nye løysingar for ferjesambandet Stord-Kvinnherad.

Målet er å få kortare samband enn dagens mellom Ranavik og Skjersholmane, og på det viset få ned  reisetida. Interessa for saka må seiast å ha vore god, då fristen for å plotta nye ferjekaiar inn på kartet gjekk ut, var det kome 1764 forslag.  Det var også høve til å grunngje  stadvalet, noko 332 hadde nytta høve til å gjera. (sjå eiga ramme)  

Den vidare prosessen i saka er at  innkomne  forslag skal  systematiserast og brukast som innspel til planarbeidet for ferjestrekninga Stord- Kvinnherad.

– Innspela  skal vurderast/silast ut  frå ulike kriteriar, og så skal me enda opp med nokre  få alternativ som skal utgreiast vidare. Silinga skal skje i to trinn, første i slutten av januar, andre i starten av  april. Dette skal så danna grunnlag for planprogram med silingsrapport, som etter planen skal på høyring rundt sommaren. Ut på hausten bli det klart kva  alternativ med skal går vidare med  inn i planfasen, opplyser Matti Torgersen ved  samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

I det vidare arbeid vil ein vera  varsam med å tolka punkta som er plotta på kartet som ei  meningsmåling eller eitt direkte uttrykk for folkemeininga.

– Det skuldast at me ikkje  har kontroll på om det er samme person som har lagt inn mange punkter på same plass, eller om det er ulike personer som har lagt dei inn, seier Torgersen til Stordnytt.

Eit utdrag av kommentarar som kom inn:

  • Bru til Huglo, så blir det kort avstand til fastlands-Kvinnherad og Husnes sentrum.
  • Eksisterende fasiliteter Sunde – Jektevik.
  • Bygg bru Jektevik Hodnanes, og bruk eksisterande ferjeleie på Jektevik
  • Billig løysing å nytta eksisterande ferjekai på Sunde. Majoriteten av innbyggjarane i kommunen bur innan 10 min køyretid frå Sunde ferjekai. Eit klart fyrsteval 🙂 Fokus må vera å få raskare ferjer. Det har vore same fart i øve 40år 🙁
  • Boksnes – Jektavik. Boksneskaien på Husnes er en sentral og god kai værmessig. Den trenger ikke mye oppabrbeiding iht vei og oppstilingsplasser. Det er kort overfart til Jektavik som er eg opparbeid kai som allerede har el.ladning av ferge
  • Det lages steinfylling ut til flua i Kaldestadvika (2 meter dybde) Steinfylling følger parallellt med østlig grense til eiendom HMR retning nordover
  • Gjennomgangstrafikk i Sæbøvik må begrensast. Ein plass dei første kilometrane på Strondavegen, evt i Landamarka må væra beste plass dersom trafikken skal over Halsnøy.
  • Kai på Stord foreslås plassert så langt sør som mulig på strekningen Grov-Leirvik, men bør unngå ny fylkesvei gjennom boligbebyggelse. Et trekantsamband med Ranavik og Sør Huglo bør vurderes når bro over Langenuen åpner.
  • Kort ferjestrekning, god tilkomst til E39, ingen tett bebyggelse ved kaien og tilkomstvegen.
  • Kort veg fra E39 til førlandskryss, kortast veg til sunde med ferje.
  • Kvednaneset er beste alternativ. Kommunal grunn og ingen bebyggelse.
  • Om den den skal flyttes må vi bruke eksisterende fergekaier, ingen ny skal bygges på Stord.
  • Pendelferge til Ånuglo, bruer til Flakkavåg. Tilknytning til E39 uansett hvor den kommer.
  • Sentrumsnæringen tapar marknadsdeler til Heiane. Få tilbake ferjekaien på Lerivik , flytt bussene opp atmed Bandadalen. og bruk området der ferja la til som nytt ferjestø. Slik får ein meri liv og røre i sentrum
  • Trafikken over Halsnøy er ikke holdbar uansett rep av eksisterende vei

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.