Nyhende — 06 januar 2018

Foto: Augon Johnsen.

I 2002 gav Jan Kåre Hystad kvartett og Gunnar Staalesen ut den første av tre Vargtime-cd’ar, i høve markeringa av den bergenske privatdetektiven Varg Veum sin 60-årsdag. Dette resulterte også i ei førestilling med same namn. Dette blei ein så stor suksess at førestellinga har vore framført ei rekkje gonger i åra etterpå. Vargtime har vore framført på dei fleste jazzfestivalane i Noreg; i Oslo, Kongsberg, Balestrand og Haugesund, på litteraturfestivalar i aust og vest, fleire gonger i Danmark, både på krimfestivalen i Horsens og i København, under Festspillene i Bergen 2016 og på Den Nationale Scene i desember same år. Hausten 2017 var førestillinga på Jazz i Jølst, i Jølster.

Jan Kåre Hystad kvartett består av: Jan Kåre Hystad, saksofon, Dag S. Arnesen, piano, Sigurd Ulveseth, bass, og Frank Jakobsen, trommer.

Programmet består av kåseri og opplesing ved Staalesen kombinert med eit utval klassiske jazzlåtar ved kvartetten. Det blir jazz av ypparste merke, humor, poesi – og kanskje nokre tekstar frå dei gongene Varg’en har vore i Sunnhordland også, skriv Stord Jazzklubb i ei pressemelding.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.