Nyhende — 12 januar 2018

Oversiktsbilete frå sør. (Illustrasjon)

– Det viser seg å vera ein god marknad for ferdigstilte husvære i to-, tre eller fire-mannsbustader. Samstundes er det vår røynsle at folk på husjakt ønskjer å kunna flytta inn snøgt. Tomtekjøp med 8-9 månaders ventetid på å reisa huset, er ikkje lenger det mest populære og difor er det me no har søkt endring og går for konsentrert utbygging i feltet Vestlio, seier dagleg leiar Kurt Arne Tyse i Frontagruppen.

Fronta har kjøpt arealet som ligg i den vestvende lia mot Vestlivegen frå Ottar Grødem og feltet er for lengst godkjent for bustader. Vegen til feltet er i arbeid, og når siste godkjenningar er på plass reknar Tyse med å vera i gang med byggeprosessen i løpet av sommaren. Totalt kjem det 110 husvære av ymsande storleik, alle innan rammene for Husbankfinansiering.

– På andre sida av vegen, i Tyselio, har me ikkje fleire husvære å tilby for tida og er i gang med førebuingane til andre byggjesteget der, opplyser Kurt Arne Tyse til Stordnytt.

Vestlio sett frå nordvest, i kveldssol. (Illustrasjon)

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.