Nyhende — 10 januar 2018

«Du glitrande» vil glitra på Nysæter om eit pår år.

Med forlaget «Du Glitrande», vart  Arkitektkontoret  VIS-A-VIS, Trondheim, vinnar av arkitekttevlinga for  nye Nysæter Ungdomsskule med fleirbrukshall.  Fem arkitektkontor var med i tevling og juryen sitt svar vart kunngjort  på ei samkome i  Rådhuset på Leirvik onsdag føremiddag.  Det var ordførar Gaute Epland som hadde gleda av å opna «vinnarkonvolutten», samstundes som han  slo fast at det var ei stor dag for kommunen  når ein no endeleg var  praktisk i gang med største investeringa  inneverande  økonomiperiode.  Ny  tre-parallell  u-skule med fleirbrukshall er  stipulert til i underkant av 200 millionar kroner, og målet er  ny skule klar til bruk i 2020.  Øystein Leirvik Onarheim er kommunen sin prosjektleiar.

Det var ein breidt samansett jury som drøfta seg fram til eit samrøystes resultat i denne  arkitekttevling.   VIS-A-VIS  sitt vinnarforslag hadde beste løysinga når det gjeld  å  samkøyringa mellom  skule og fleirbrukshall for  idrett og annan kultur. Like eins var det lagt vekk på forslaget  si effektive arealutnytting.   Arkitektkontoret med adresse Trondheim er godt kjent i  I bydelen  Sagvåg/Litlabø, det var  VIS-A-VIS som i si tid teikna (nye) Sagvåg skule.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.