Nyhende — 07 januar 2018

Matkroken – no   åleine som daglegvarebutikk i  Leirvik sentrum.

 Etter  at Meny sist veke slutta av  butikken i Amfi senter, og fram til  Coop’en opnar  i nye lokale i senteret, blir  Matkroken i Bytunet åleine att som kolonial/daglegvarebutikk i Leirvik sentrum.  For den som er komen i mimrande alder, er det rart å samanlikna med den gong det var  ti ( minst) slike butikkar i  regionssenteret.  Då må tida skruast 40-50 år i revers. Dei fleste kolonialane låg langs Borggata.  Sagenes inst  i det som framleis heiter Sageneshuset, så Risan (nytt hus på staden), vidare til  Ole Vik ( nytt hus på staden) , til Søstrene Vattendal (i dag Nål og tråd), til  Eikeland (tomt bygg , til Oscar Fadnes  (nytt bygg no), til Samvirkelaget  (som heldt til i Gamla-meieriet ei tid), til Frøken Heggebø (dagens Narvesen) og til Helland  Kolonial i Søre Kaisving. I  Sæ (der Pizzabakaren er) var det også ein liten daglegvarebutikk. Strekkjer me sentrum litevetta, var det ei tid ikkje mindre enn tre  kolonialar  på  Skotaberg.

Det er vel i grunnen berre å slå fast  at tider og handel endrar seg…

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.