Sport — 12 januar 2018

Litt sliten utsjånad i dag, men det skal bli betre. Idrettshallen var fiks ferdig og klar til bruk haust 1965.

Han har stått imot mykje vêr og byrjar bera utvendig preg av alderen, Gamlehallen på Vikahaugane. Men hallen gjer framleis god og viktig sportsleg nytte for seg og skal litt lenger ut på vårparten få seg eit velfortent andletsløft. Det kan vera på sin plass, no når Stord Ungdomsskule som næraste nabo framstår i ny og glitrande versjon.

– Planen vår er å kle Gamlehallen med plater og fiffa fasadane på det viset. Arbeidet skal gjerast samstundes som taket skal tekkast og tettast. Det er på vanleg måte henta inn anbod på tiltaket, seier Arne Bjelland, dagleg leiar i Stord kommunale eigedom.

Finansieringa er gjort mogleg med midlar kommune har fått gjennom den statlege tiltakspakken der midlane var øyremerkt bruk til vedlikehaldsarbeid. Over to år fekk Stord kommune rundt 20 millionar noko som har gjort at ein har «henta inn» deler av etterslepet på vedlikehald av kommunale bygg. Godt synlege prov er at Litlabø skule og Leirvik skule no står fram i nymalte versjonar.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.