Nyhende — 06 januar 2018

Det tidlegare hagesenteret er romsleg og vil gje plass til fleire kastebanar under taket

– Klubben har no i desember fått tilbod fra Fronta om å kjøpa eit storre drivhusanlegg på Heiane med kringliggande tomt. Dette er for klubben interessant, særleg med tanke på vidare vekst og det å få

koma under tak. Eit slikt anlegg vil gjera det meir attraktivt å vera utøvar.

Det er den driftige og aktive Stord Petanqueklubb som skriv slik i eit brev til kommunen, der det vert bede om møte for å drøfta mogleg samarbeid/støtte  til kjøp av det det store drivhuset med tilliggjande tomt kor det tidlegare var  hagesenter (mot Hatland/Svartadalen). Klubben viser  til at  petanquesporten har slått godt an på Stord, og medlemstalet er i stadig vekst.  Klubben har  medlemer med  funksjonshemming og såleis er det ønskjeleg å få  kasteareal under tak med lett tilgjenge for alle.  I skrivet  blir det tatt til orde for at også kommunale fritidstilbod kan gjera seg nytte av petanquesenteret på Heiane.  Det er til eit eventuelt kjøp  av anlegget  klubben  søker støtte, drifta skal dei klara sjølve.

Fram til mogleg kjøp, vil  petanqueklubben leiga  drivhuset og har siste tida drive dugnad for å gjera innandørsarenaen klar. 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.