Nyhende — 05 januar 2018

Anlegget på Seglneset har fått nye eigarar.

– Når det gjeld første spørsmålet; – om det føreligg føringar som bind kjøp av areal på Eldøyane frå Sunnhordland Naturgass saman med etablering av biogassanlegg i Sagvåg, så føreligg det ikkje slike føringar. Det vert vist til sak PS 72/17 handsama av Kommunestyret i dag, der framforhandla kjøpsavtale ligg vedlagt. Avtalen inneheld ikkje slike bindingar.

Dette var svaret ordførar Gaute Epland gav på første del av eit todelt spørsmål frå Sigbjørn Framnes i sist kommunestyremøte. FrP-representanten reiste spørsmålet etter å ha motteke bekymringsmeldingar frå naboar til Seglneset

– FrP ser det som særs viktig at det blir informert og ikkje minst gitt høve for naboar/berørte til å uttala seg før ei eventuell etablering av biogassanlegg. Dette må gjelda uansett kvar i kommunen etableringa vil bli gjort.

Kan ordførar stadfesta at god informasjon og mogleikar for uttalar vil bli gitt ved ein slik etablering, spurde Framnes vidare

Ordførar svara:

Når det gjeld etablering av biogassanlegg, så har kommunen ikkje motteke nokon søknad om slikt enno; det har heller ikkje vore førehandskonferanse om slik sak. Mogleg etablering må søkjast om og ha løyve etter aktuelt lovverk, og vanlege sakshandsamingsreglar for nabomerknad og høyring gjeld. Det har vore halde førehandskonferanse for etablering av gassleidning frå Podlen til Seglneset. Det er i referatet frå denne eksplisitt nemnt at eit eventuelt løyve til å leggje gassleidning ikkje vil innebere noko førehandstilsagn om å kunne byggje naturgassanlegg på Seglneset.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.