
I morgontimane torsdag var «Eide Max» og henta «Eide Barge IX» – som har lege som «peleflåte» i Teinevikjo eit par månader.
Med kraftige betongdragarar over kraftige betongfylte pelar, byrjar det teikna seg ein greitt bilete av korleis strandpromenaden blir framom dei tre husværebygga i Teinevikjo.
– Pelejobben har bydd på nokre utfordringar, men likevel ikkje meir enn det ein bør rekna med når ei jobbar undersjøisk, seier Bernt Øyvind Vad. Han er dagleg leiar i Engelsen Entreprenør som har hovudentreprisen med å reise dei tre bygningskroppane med totalt 37 husvære. Neste veke blir det lagt meir dekke over pelane, og elles klargjort for å starta reisinga av bygningane. Det skjer med montering av ferdige element, på same vis som det blir gjort med dei andre store husværebygga i sentrum. Ut på vårparten neste år skal Teinevikjo vera ferdig utbygt og klar for innflytting.
Dunk, dunk, dunk heile dagen lang. Her kan du både sjå og høyra korleis folk på Vikjo har det om dagen.
Posted by Sunnhordland.no on 20. desember 2017
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018