Nyhende — 03 januar 2018

 

Fullt belegg ved kaien på Eldøyane gjorde at vegsaltet/steinsaltet denne gongen vart lossa ved Nattrutekaien.

Lastebilar frå Haugland Transport køyrde frå tidleg morgon onsdag i skyttel med vegsalt mellom «Fensfjord» ved Nattrutekaien og deponiet på Heiane. På denne turen frå Tyskland hadde fraktebåten med steinsalt (henta frå spesielle gruver) også til Tysnes og Fusa, opplyser byggjeleiar Vidare Tveiterås i Vegvesenet til Stordnytt.

På spørsmål om det denne vinteren har gått med meir vegsalt enn vanleg grunna uvanleg ver, er svaret at det nok vart noko hyppigare salting i desember enn i same månaden året før. Samla mengd blir likevel lik så langt, sidan det i fjor vart mindre salting i oktober og november enn det som har vore vanleg. Saltløysing, ei blanding av salt og vatn, er det mest brukte middelet for å halda glatta vekke frå vegbanane våre, men blir føret av det meir utfordrande slaget, blir det brukt reint salt.

På Stord er det mannskap og bilar frå Haugland Transport som siste fire vintrane har hatt jobben med halda is og snø vekke frå riks- og fylkesvegar.

Det går nokre tonn steinsalt for å halda riks- og fylkesvegane våre is- og snøfrie.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.