Småstoff — 04 januar 2018

Forkynnar Eivind Frøen kjem til Stord.

12.-14. januar kjem Eivind Frøen attende til Stord. Då blir det møter heile helga i Frelsesarmeen sine lokaler.

Eivind Frøen er ein av dei mest markante misjonsleiarane som Noreg har fostra. Han skipa Ungdom i Oppdrag på 60-talet, Asia Link på 80-talet og no er han sentral i den internasjonale organisasjonen China Care International (CCN), som driv misjonsarbeid i m.a. Kina, Irak og Nord-Korea. Kvart år reiser Frøen i Kina og Irak for å inspirera og undervisa leiarar og andre. Arbeidet mot Nord-Korea føregår i grenseområda frå kinesisk side, og det handlar om å smugla inn biblar i ulike format til den forkomne nordkoreanske befolkninga. Dette skjer i den djupaste løyndom. Dei har fått inn mange titusen biblar, og det kjem stadig rapportar om at Guds ord når fram til folk, og at nye nordkoreanarar kjem til tru på Jesus. Det er ikkje utan risiko. Blir dei oppdaga, ventar arbeidsleirar som få kjem levande ut frå.

Frøen er ein framifrå forkynnar. Han kjenner Bibelen godt, og han kjenner Gud. I all si teneste har han gjort seg heilt avhengig av at Far i himmelen skal ta seg av dei livsnødvendige behova han har, og han veit at Gud er hundre prosent til å stola på. Det gjev han autoritet.

Gjennom eit langt liv har han opplevd dei utrulegaste ting. Han har ein stor bank med forteljingar som han brukar for å illustrera poenga han vil ha fram når han talar. Det gjer talane hans interessante og spennande.

Denne gongen er det Frelsesarmeen, Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling Ebenezer og Kristkyrkja som har gått saman for å invitera Frøen til Stord, og me vil varmt tilrå alle å få møtene med seg.

For tillysarane

Jens Thoresen
pastor i Kristkyrkja

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.