Nyhende — 05 januar 2018

Gudstenesta skal svinga frå første tone til siste Amen.

Søndag førstkommande, 7. januar kl. 11.00 blir det nok ein gong jazzgudsteneste i Nysæter kyrkje. Kvart år reiser ein del av konfirmantane i Nysæter og Stord til sjømannskyrkja i London på leir. Desse konfirmantane har kvart år, i januar, ei eiga jazzgudsteneste i Nysæter kyrkje.

Konfirmantane er med i førebuinga og sjølve liturgien. Kantor Bjarte Aadland har fått med seg eit band som er sett saman av desse karane: Øystein Heide Aadland på piano, Joakim Vikanes på gitar, Ørjan Lægreid på bass og Henrik Nesse på slagverk. Dei vil jazze opp både salmane og dei liturgiske ledda, i tillegg vil dei ha egne innslag i gudstenesta. Kristina Folkestad Nicholls er og med som forsongar og vokalist.

Alle som kjem vil oppleve ei gudsteneste som svingar frå første tone til siste Amen. Kyrkja ønskjer alle velkommen til fin gudsteneste.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.