Småstoff — 09 januar 2018

Robert Gloppholm Sylta fekk drømmestipendet i 2016.

– Det er igjen tid for å nominera kandidatar til Drømmestipendet, tipsar rektor i Stord Kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen.

– Drømmestipendet består av 100 stipend à 15 000 kroner – til saman 1,5 millionar kroner. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer dei å synleggjera kommunane sitt arbeid for barn og unge. Håpet er at Drømmestipendet skal vere til verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar. Kvar kommune kan nominere så mange dei ynskjer, enten enkeltpersonar eller grupper innan kvar av desse kategoriane: Dans, Musikk, Skapande skriving, Teater, Visuell Kunst, Sirkus og Anna/Open klasse.

– I 2018 må ein vera fødd mellom 1998 og 2005 for å kunna bli nominert til Drømmestipendet. Ein treng ikkje vere elev i kulturskulen for å søkje om å bli nominert, seier Østvold Jordåen og bed interesserte ta kontakt med Kulturskulen i Kulturhuset. Meir informasjon å finna på: www.drommestipendet.no

Stord kommune har fått fire Drømmestipend, det fyrste gjekk til Tina Presthus, fiolin i 2008, Fridar Arnar Malmsten Steinkopf, i kategorien anna «open klasse» i 2015 og til Robert Gloppholm Sylta, trombone og Jan Anders Presthus, dans, begge i 2016.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.