Sport — 08 januar 2018

For våt og for få brukstimar i året for grasbanen i Prestagardsskogen, meiner IL Trott, som sterkt ønskjer nytt kunstgrasdekke.

Eit forslag frå budsjettdebatten om å flytta tre millionar kroner frå ballbanen ved Hystad skule, og i staden bruka midlande til å byta naturgras med kunstgras i Prestagardsskogen, får ikkje uventa full støtte frå IL Trott. Idrettslaget «nordom bekkjen» har hatt eit prosjekt gåande sidan 2013 for å få lagt om dekket på banen. Årsakene er fleire og blir i ein kommentar til pågåande saksbehandling i kommunen formulert slik:

  • Grasbanen har altfor få brukstimar i året.
  • Grasbanen treng vedlikehald og grasklypp + merking: Kostnad kr 150 000 – 180 000 pr år
  • Problem knytt til drenering og kvaliteten på grasmatta. Det vil vere relativt store kostnadar knytt til å få grasmatta i ein stand som gjer at ein kan få auka brukstid.
  • Stenging av grasbanen i periodar fører til manglande trenings- og kampgjennomføring. Det kompliserer drift av idrettslaget og fører til at aktivitetar må avlysast.
  • Manglande lystilhøve avgrensar bruken.

Hystadbanen er i utgangspunktet eit nærmiljøanlegg, og det er ikkje trong for ein kampavviklings- eller treningsarena for borna ved Hystad skule når ein no har eit sentralt og kompakt idrettsanlegg i Nordbygdo for både Rommetveits-elevar og elevane ved Hystad skule. Ein vil få mykje meir for pengane og langt fleire vil dra nytte av kunstgras på grasbanen. Ein vil spara pengar til drift når grasbanen er borte, heiter det i kommentaren frå IL Trott. Det vert vidare vist til at Stord idrettsråd har gjennom høyringar og uttaler vore heilt klare på at dette er ei prioritering ei samla idrettsrørsle står bak.

Idrettslaget Trott tek på seg mellomfinansiering fram til spelemidlar og kommunale midlar vert løyvde. Dette gjennom lån i kraftsalsfondet. Dette er kostnadsrekna til mellom 400 000 – 700 000 kr. I tillegg vil Trott ta på seg dugnad knytt til prosjektet for å halda kostnadane så låge som mogeleg.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.