Nyhende — 04 januar 2018

Heilt i vassloket låg den store laksen – til undring for turfolket. (Foto: Vibecke Brakstad)

Siste vekene har han hatt mange blikk retta mot seg, den store laksen som har lege livlaus heilt i vassloket i Stuvavikjo i Ådlandsvatnet. Joost Lommelars er den som veit det som er å vita om laksestamma i vassdraget, og han kan til Stordnytt.no opplysa at turfolket på nyevegen rundt vatnet er blitt vitne til siste etappe av ein kraftig hannlaks si livsferd. Fisken på 10 kilo (pluss), er også eit prov på at det går store fisk opp Frugardselva til vatnet og vidare til Vadeleva for å finna seg make og syta for nye generasjonar.

– Det er gode grunnar til å tru at denne storlaksen har gytt både tre og fire gonger, og at han såleis er over ti år i alder. Laksen er tre år når han forlet fødeelva og sym til havs for å eta seg opp, så kan det gå både eitt og to år før han er klar for første kjærleiksrunden i elvegrusen. Deretter er det ut på ny runde eit år eller to før han er klar til neste gyterunde. Etter tre, fire slike leveringar, er stamfaren nøgd og er ferdig med livsgjerninga si. Då er det ikkje meir krefter igjen, slik er syklusen, seier Lommelars.

Johannes Njøsen i Ådlandsvatnet Fiskelag trur ikkje dette er første av denne type laksehendingar i vassdraget. Det har nok lege livlause storlaksar i området tidlegare også, men det var før turvegen kom og gjorde Ådlandsvatnet meir tilgjengeleg.

Dette motivet skulle gje eit bilete på dimensjonen på fisken. (Foto: Joost Lommelars)

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.