Nyhende — 16 januar 2018

Samhald ved Rommetveitvegen.

I sin tidlegaste ungdom var bygget  kyrkje i Skånevik. Sidan 1919 har Samhald vore samlingsstaden framfor nokon «nordom bekkjen».  Og etter årsmøtet sist veke er  går  Ungdomslaget Stordabuen sitt forsamlingslokale 100-årsdag i møte i oppløfta stemning.

– Drifta er dugnadsbasert og krev sitt frivillige mannskap, difor var me denne gongen særleg på jakt etter nye  medlemer til styret med  interesse for at Samhald  skal   leva trygt vidare. Frammøtet vart godt og det melde seg  nye hjelparar. No ser det svært lovande ut når det gjeld mannskap. Lovande er det også når det gjeld  utleige og bruk, seier styreleiar Sigrun Økland.

Samhald er  eit flittig brukt  lokale  til diverse tilskipingar  i offentleg samanheng,  men kanskje aller mest går det i private lag , brudlaup og  bursdagsfeiringar.  20-års markeringar  i kjellarhøgda  er blitt populært.    

– Inne  er nye sofagrupper komne på plass og neste storjobba på oppgraderingssida  er å skifta golvet i  hovudetasjen.  Eit lyst fint golv, som sjølvsagt skal leggjast  på dugnad, seier Sigrun Økland til stordnytt.no

– Har de planar for hundreårsdagen neste år?

– Ikkje i detalja enno, men noko ekstra blir det.

100-årsdagen nærmar seg.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.