Nyhende — 22 januar 2018

ylkesordførarane Anne Gine Hestetun i Hordaland (f.v.), Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Solveig Ege Tengesdal i Rogaland. Foto: Hordaland fylkeskommune

– Namnet på den nye regionen på Vestlandet blir avgjort før sommarferien, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter møtet mellom dei fire fylkesordførarane på Vestlandet og kommunalminister Monica Mæland i Oslo i dag.

Det skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

På møtet la dei fire fylkesordførarane fram argumenta sine. Monica Mæland lytta og gjorde greie for den vidare prosessen. Ho skal gå gjennom saka og leggje fram ei innstillinga til Stortinget. Deretter skal Stortinget vedta namnet på den samanslegne regionen av Hordaland og Sogn og Fjordane før sommarferien.

– Vi har hatt eit positivt møte med statsråd Mæland der vi la fram våre innspel til namn på regionen. Turen til Oslo var konstruktiv, og vi fekk lagt fram synspunkta våre, seier Anne Gine Hestetun.

På møtet med Monica Mæland deltok fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal, fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i Rogaland, fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.