Nyhende — 18 januar 2018

Når nye Stord ungdomsskule kan takst i bruk 30. januar , er det ei stadfesting på at prosjektet, med Kruse Smith som hovudentreprenør, har gått heilt etter tidsplanen.

– Det er mest som me ikkje trur det,  men no er me på stadiet me har snakka om jamt og trutt i  3-4 år.  Me er på veg inn i den nye flotte skulen vår, og  elevar og lærar gleder seg til komande veke med  flyttesjau.

Rektor ved Stord ungdomsskule, Anne Sissel Mugaas,  er ei eit einaste stort smil  når  ho svarar  på  stordnytt sine spørsmål om framdrifta i den historiske veke fire 2018.

– Siste dag i brakkeskulen blir tysdag komande. Klokka 11 den dagen  seier  elevane takk for  opphaldet i den mellombelse bygningen og  skal jobba med  tildelte lekser på  eiga hand heime ut veka.  Måndag 29.  er planleggingsdag og såleis blir 30.  januar første undervisningsdag i nyeskulen.  Lærarar og administrasjon  skal bruka veka til å flytting  og til å koma  på plass i nye lokale.   Me gjorde det på same vist då me tømde  gamleskulen og flytta inn i brakkene.

– Elevane  er gira  på det nye, og  er alt byrja ta i bruk og gjort seg kjende med  uteområdet kring  «Kongen på Haugane».

– Blir det høve for «folk flest» å ta ein kikk innom nyeskulen?

– Det blir jobba med ei offisiell opning og ein open dag, men noko dato er ikkje førebels fastsett, seier  rektor Anne Sissel Mugaas.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.