Nyhende — 09 januar 2018

Debattantane skal diskutera klimaendringane utifrå eit lokalt utgangspunkt.

Klimaendringar på Vestlandet og korleis handtere det uunngåelege blir tema når Klimafestivalen 112 opnar på Stord torsdag kveld.

Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap), stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og Kværner Stord-sjef Steinar Røgenes kjem til Stord folkebibliotek om kvelden 11. januar for å diskutera klimaendringane utifrå eit lokalt utgangspunkt.

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskninga inn i eit lokalt perspektiv. Ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar? Kva globale og lokale klimaendringar skjer, og korleis kan kommunar og samfunn  bli del av den globale klimaløysinga?

Debattleiar er Lars Henrik Paarup Michelsen, som til dagleg er leiar i Norsk klimastiftelse. Publikum vil få kome med innlegg og spørsmål.

Del av nasjonal klimafestival

Arrangementet er ein del av ein turne i biblioteka organisert av Hordaland fylkesbibliotek. Lokalt er det Stord folkebibliotek og Framtida.no som står som arrangør.

Debatten er òg ein del av programmet på den nasjonale Klimafestivalen 112, oppkalla etter miljøparagrafen i grunnlova vår.

Barnearrangement og film

Torsdag 18. januar inviterer Stord folkebibliotek og Framtida junior til eit klimaarrangement for barn mellom 9-13 år på ettermiddagen. Her blir det ulike aktivitetar for barna, og det vil vera mogleg å melda seg inn i Miljøagentene.

Stord filmklubb blir også med, og viser to filmar under festivalen, ein barnefilm og ein for alle.

Share

About Author

(1) Reader Comment