Nyhende — 03 januar 2018

Eli-Johanne Rønnekleiv skal ordinerast til sokneprest i Selje.

Fredag 5. januar vert det ordinasjon ved biskop Halvor Nordhaug i Stord kyrkje. Det er Eli-Johanne Rønnekleiv som skal ordinerast til sokneprest i Selje, Nordfjord prosti.

Eli-Johanne Rønnekleiv vart konfirmert i Stord kyrkje. Ho har vore kantor fleire stader, m.a. på Bømlo. Fleire av hennar musikarvener tek del i ordinasjonsgudstenesta, her vert eit stort samansett kor og blåsarar. Kantor Bjarte Aadland gjer teneste i gudstenesta.

Prostane Svein Arne Theodorsen, Sunnhordland og Rolf Schanke Eikum, Nordfjord tek del i ordinasjonsgudstenesta. Ved tekstlesing og forbøn tek og desse del: prestane Sari Lehti, Finland og Jorunn Johnsen, ein representant frå Selje sokneråd, Reidun Breistig samt ein representant frå KUN – Kyrkjeleg Utdanningssenter Nord der Rønnekleiv har tatt siste del av utdanninga.

Det vert nattverd, etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i kyrkja.

Stord kyrkjelyd ønskjer alle velkomen til ordinasjonsgudstenesta og samlinga etterpå.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.