Næringsliv — 09 januar 2018

Utsleppa blir redusert tilsvarande meir enn 30.000 personbilar per år per skip.

Wärtsilä har sikra seg sin største kontrakt nokonsinne. Teekay, verdas største leverandør av skytteltankartenester, kom til Wärtsilä på Stord for å utvikla eit heilt nytt konsept for skytteltankarar. Konseptet tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege og økonomiske løysningar for denne type skip, tufta på ny og innovativ bruk av teknologi.

Kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonalt marknad prega av oljekrisa. Johnny Larsen frå elektro- og automasjonsmiljøet på Stord har fått rolla som prosjektleiar for total leveransen frå Wärtsilä, som spenner frå elektrisk kraftproduksjon til elektrisk framdriftsanlegg, VOC-anlegg og tradisjonelle 4-takts motorar.

Lokalt tyder dette aktivitet for elektro- og automasjons-miljøet på Heiane og i Grunnavågen, både for Wärtsilä sine tilsette og The Switch.

Wärtsilä skriv vidare i pressemeldinga:

Teekay har kontrahert fire fartøy av denne nye generasjonen bøyelastarar. Skipa skal byggast av Samsung Heavy Industries (SHI) i Sør-Korea. Dei vil innehalde eit bredt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, som alle er heilt sentrale for konseptet sine samla forbetringar. Kontraktane med Wärtsilä, til ein samla verdi på over 110 millionar euro (ca. 1,1 milliardar kroner), blei inngått i desember 2017 og januar 2018.

Kan nytta VOC som drivstoff

Det nye konseptet har ei rekke miljømessige og økonomiske fordelar, og er forventa å redusera årlege utslepp av CO2-ekvivalentar med meir enn 40 prosent sammenligna med konvensjonelle bøyelastarar. I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil dual fuel-motorane også kunne køyra på ei blanding av LNG og gjenvunne flyktige organiske forbindingar (VOC) – gassen som fordampar frå oljetankane under lasting.

Ved å utnytta gjenvunnen VOC som drivstoff i staden for å sleppa gassen ut i atmosfæren, vil dei skadelege utslippa bli eliminert og skipet si trong for bunkrig vil bli monaleg redusert. Konseptet tyder også at utsleppa av nitrogenoksider (NOx) frå motorane sin eksos vil bli redusert med meir enn 80 prosent, at svoveloksidutsleppa (SOx) nesten blir eliminert, og at partikkelutsleppa vil bli redusert med meir enn 95 prosent. Desse miljøfordelane blir tett fulgt av like viktige økonomiske fordelar, blant anna i form av ein stor reduksjon i drivstofforbruk samanligna med konvensjonelle løysingar.

– Saman med Teekay har me utvikla eit konsept som tek skytteltankaren inn i ei ny tid. Konseptet er nok ei stadfesting på at Wärtsilä har emna til å gjera  shippingnæringa grønare og meir lønnsom gjennom å utvikla og ta i bruk ny teknologi. Desse skipa vil ha enorm operativ fleksibilitet, og oppnå det alle operatørar i dag ønskjer, nemleg optimale miljømessige og økonomiske ytingar, sier Roger Holm, President, Wärtsilä Marine Solutions.

– Dette nye skytteltankerdesignet vil setta ny standard både for CO2-utslipp og drivstoff-forbruk, supplerer Terje Rusdal, prosjektleiar i Teekay.

Hybrid framdrift

Wärtsilä si hybridløysing er sjølve hjarta i konseptet, og systemet vil gje lågare bruk av drivstoff, ei betre handtering av effekttoppar under operasjon, og tilføra ekstra systemredundans. Som igjen vil påverka hovudmaskineriet direkte, og resultera i reduserte arbeidstimar for motorane – med tilhøyrande lågare vedlikehaldstid og -kostnadar.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.