Nyhende — 11 januar 2018

Alf H. Aronsen er prosjektleiar for Samtidsdagane 2018.

Kommande veke er det igjen duka for spennande debattar, diskusjonar og dagsaktuelle tema på campus Stord. Årets Samtidsdagar feirar 10 år med rekorddeltaking og ein brei meny.

Øvst på plakaten finn ein i år Brageprisvinnar Olaug Nilssen, NRK-journalist Sigurd Falkenberg Mikkelsen og professor Kari Dyregrov i frå Høgskulen på Vestlandet.

– Me har og med oss sterke lokale stemmer som forfattar Anders Totland, psykolog Kristine Tofte, psykologspesialist Ingrid Camilla Aasebø Heggland og advokat Sverre Hetland, fortel prosjektleiar Alf H. Aronsen ved Høgskulen på Vestlandet.

Tematikken i år spenner frå tabubelagde tema som barnevold, omsorgssvikt, hatprat, seksualitet, sorg og død, til klimakamp og frykt og fiendebilete i Europa.

Alf H. Aronsen seier at arrangement har vakse sakte men sikkert dei siste åra, og i år har interessa vore større ein nokon gong.

– Mange skular både tar kontakt og melder på klassar med elevar. Og i år opplever me stor pågang frå ulike verksemder både i Haugesundsregionen og i Sunnhordlandsregionen som ønskjer å sende sine tilsette hit. Dei ser på dette som ein arena for å skaffe seg viktig fagleg påfyll.

– Det er veldig kjekt å oppleve interessa, sjølv om det og blir litt logistikkutfordringar. Men det skal me løysa.

– Så langt ser det ut for at det kjem over 1000 besøkjande.

Tema for Samtidsdagane har variert år for år.

– Målet vårt er å fange tema som er i den lokale debatten, på nasjonalt plan og på den internasjonale arena.

– Me jobbar i lag med fagmiljøet for å knyta tema opp i mot elevane og studentane sine utdanningar. Det må opplevast relevant.

– Det er krevjande å få til ikkje minst frodi me startar planlegginga tidleg. Men eg føler me treff ganske godt. Det samsvarar og godt med dei tilbakemeldingane me får.

Når det gjeld føredragshaldarar kan Aronsen vise til ein imponerande liste gjennom desse 10 åra. Ole Moen, Anders Magnus, Philip Lote, Kai Eide, Margareth Olin, Robert Mood, Inga Marte Thorkildsen, Helene Uri og Åsne Seierstad er nokre av namna som har gjesta Rommetveit.

– Me hentar inn ulike og aktuelle stemmer både nasjonalt, men og frå vår eigen region og frå vår eigen høgskule. Det å få ein god samansetting og miks er viktig, seier prosjektleiar Alf H. Aronsen.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.