Nyhende — 19 januar 2018

Det blir jamt søkt statlege trafikksikringsmidlar til oppsett av meir veglys langs E39 over Stord. Her ser med E39 ved Mehammer klokka 08.30 fredag morgon. (Foto: Statens vegvesen, webkamera)

Kor stor nytte det er i veglysa som er komne  opp langs deler av E9  på austsida av øya, oppdagarar sjåførar flest når  dei køyrer inn i dei lyslause strekningane.  Det blir stupmørkt, og  ein har  stort sett berre  eigne nærlys og  baklysa  på han framføre å støtta seg til.  Sandvikvåg – Engevik er ein slik etappe.  Det same framom  Hageberg skule og i overgangen  frå Eide til Mehammar og Børtveit.  Langs  Grov manglar det lys og  frå Førlandskrysset mot Nordre Tveita.

– Kan me venta meir godt lys langs europavegen?

– Svaret er ja, men det kan bli ei tid å venta.  Veglys langs heftig trafikkerte riksvegar er så absolutt eit generelt trafikksikringstiltak, på same vis som lysa er til uvurderleg hjelp for dei som slit litt med synet når det mørknar.  E39 er ein statens veg og frå  Stord Vegstasjon blir det jamt søkt trafikksikringsmidlar  nettopp til oppsett fleire  lyspunkt.  Slike midlar har me ikkje fått  for inneverande år. Løyvde pengar  til E39 denne gongen er øyremerkt  rumlestripe  og betre siktsonar  på strekningen frå  Agdestein sørover Grov,  fortel  Roberto Balzer,   vegvesenet sin byggeleiar for prosjekt  på stordvegane.

Balzer opplyser vidare at det stadig blir arbeidd med finansieringa for å få bygt ferdig  gang/sykkelvegen den attståande kilometeren frå Børtveit til Mehammar.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.