Nyhende — 11 januar 2018

Tysdag 16.1. kl. 19.00 kjem Ståle Einarsen til Kulturhuset med foredrag om mobbing og trakassering i arbeidslivet. Han er ein leiande norsk forskar innan felta arbeidsmiljø, konfliktar og leiing.

Mobbing og trakassering i arbeidslivet er eit emne han har vore særleg opptatt av. Ståle Einarsen er frå Stord, og arbeider til dagleg som professor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen. Han har skrive mange bøker innan dei emna han har arbeidd med som forskar og er mykje nytta til å halde foredrag.

På arrangementet tysdag vil det også bli høve til spørsmål og innlegg frå salen. Det er Helse Fonna, Mental helse og Stord folkebibliotek som står som arrangørar.

Det er billettsal til arrangementet, som har eit avgrensa tal plassar til disposisjon.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.