
I følgje Statistisk sentralbyrå dagpendlar 189 kvinnheringar til arbeid på Stord – 29 har motsett arbeidsreise.
– Realisering av prosjektet vil styrka trafikkgrunnlaget for Ranavik-Skjersholmane noko,samstundes som det kan endra føresetnadane for hurtigbåtsambandet i Sunnhordland.Dette må kommunane ta med seg i vidare oppfølging av desse rutene. Samla sett vil prosjektet knyta Fjelbergøy og Borgundøy tettare saman med resten av Kvinnherad kommune, men òg med ytre Sunnhordland. Stord kommune ser positivt på ei slik utvikling.
Siatet er henta frå brev signert ordførar Epland og rådmann Mjør, sendt Kvinnherad kommune som Stord sine meiningar kring detaljreguleringa for Fjelbergsambandet, kor bruer skal knyta saman øyane med Halsnøy.
– Øyane har i dag fleire daglege hurtigbåtavgangar til og frå Leirvik, og to rundturar i veka med ferje til Skjersholmane. Planomtalen skildrar at det er få arbeidsplassar på øyane, og dei fleste har arbeidsplassen sin andre stader i Kvinnherad eller på Stord. I følgje Statistisk sentralbyrå arbeidspendlar 189 personar frå Kvinnherad til Stord, medan 29 personar pendlar andre vegen.
– Med berre to avgangar kvar veke til og frå Skjersholmane, har fastbuande og hytteeigarar idag eit svært avgrensa ferjetilbod til Stord. Bruene opnar vegen til Stord via ferjesambandet Ranavik-Skjersholmane, som har betydeleg betre frekvens. Dette vil vega opp for noko lengre reiseveg, heiter det i brevet frå Stord.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018