Nyhende — 21 januar 2018

Den Norske Turistforenings nasjonale turdag vart denne vintereren arrangert sundag på Lundarstøl. 21.januar var det på dagen 150 år sidan DNT vart stifta, så det var ei dobbel feiring sundag. I år gjorde det strålande vintervèret med snødekte løyper og fjell sitt til at det allereie klokka tolv var fult på parkeringsplassen ved Lysløypa og ved Fjellstova. Turlaget sine fantastiske friviljuge sytte for knirkefri parkeringsavvikling.

Som åra før kunne ein ved Lundarstøl delta i Tur-Tipp, tenne bål, få både lappekaker og kaffi og meir til. Heile fire bålpanner sytte for at 600 pølser blei grilla og deretter fortært av glade folk på tur. Bakkane vart nedrent og nedaka av jublande ungar og andre.

I år vart det òg arrangert eit populært barneskirenn med huepremie til dei 150 fyrste.

Kom-deg-ut dagen er eit kjempeflott arrangement som folk veit å setje pris på. Honnør og ære til alle medlemmane i turlaget som organiserer og stiller opp på denne kjekke dagen. I tillegg ei stor takk til medlemmane i skigruppa som køyrer opp flotte løyper.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.