Nyhende — 23 januar 2018

Bandet for kvelden: Rolf Martin Haldorsen (gitar og vokal), Jan Egil Flåten (gjest på munnspel), Johnny Stensletten (bass), Per Kenneth Hauan (orgel/piano), Per Inge Stensletten (trommer).

Tubesnakes spelar på Sjøhuset Stord laurdag 27. januar i høve Vinterjazz, ei veke med jazz over heile landet. Stord Jazzklubb er arrangør.

Denne kvelden har Tubesnakes med seg multiinstrumentalisten og munnspelaren Jan Egil Flåten. Han har lang fartstid i musikkmiljøet i Noreg og har samarbeidd med Tubesnakes tidlegare, blant anna på plata Texas Minded.

Kvelden kjem til å bestå av bluesrock av beste kvalitet. Spelestart: 20.00

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.