Nyhende — 26 januar 2018

Rent-A-Wreck skal utvida si verksemd, og ser på Stord som ein interessant stad å etablera seg, i lag med ein lokal franchisetakar.

Verdsomspennande bilutleige vil ta opp konkurransen med dei etablerte.

Bilutleigekjeda Rent-A-Wreck har som mål å etablera ti nye avdelingar i 2018. Éin av stadene dei ser føre seg er Stord.

– Stord og distriktet rundt ser me på som svært interessant, og me er interesserte i å etablera oss her, i samarbeid med ein lokal franchisetakar, opplyser dagleg leiar Tom Weum i Rent-A-Wreck i Skandinavia.

Utleigekjeda vart etablert i USA for 40 år sidan, og har i dag avdelingar over heile verda. Rent-A-Wreck kom til Skandinavia i 1992 og har 58 avdelingar i Norge og Sverige.

– Dette er perfekt å driva i lag med annan bilrelatert verksemd, til dømes ein bilforretning eller verkstad. Sjølv om det er brukte og rimelege bilar, så skal dette på ingen måte gå ut over tryggleik og service. Difor utfører me grundig klargjering og sjekk mellom kvar utleige, seier Weum.

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.